Vedtekter for Sparebankstiftinga Bø

Vedtekne på generalforsamlinga  12.04.2023.

1 Alminnelege reglar

 

  • 1-1 Firma og forretningskontor

Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Bø.

Stiftinga sitt forretningskontor er i Midt-Telemark kommune.

 

  • 1-2 Føremål

Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Din. Stiftinga kan i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til sikkerheit, risikospreiing, likviditet og avkastning.

Stiftinga kan disponere overskot og dele ut utbyttemidlar til allmennyttige føremål. Stiftinga skal i si utdeling av utbyttemidlar først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen i Bø Sparebank.

I si verksemd skal stiftinga gjennom sitt eigarskap i Sparebanken Din og vidareføring av sparebanktradisjonar sikre eit godt regionalt forankra sparebanktilbod i Øvre Telemark (Midtre og Vestre Telemark). Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.

 

  • 1-3 Stiftinga sin kapital

Stiftinga vert skipa med 1 389 712 eigenkapitalbevis, kvar lydande på kr. 100 i Sparebanken Din og eit kontantbeløp på kr 2 millionar.

Stiftinga si grunnkapital skal utgjere kr 90 millionar.

Stiftinga kan ta imot ytterlegare midlar utover avkastning på stiftinga sin kapital etter samtykke frå styret i stiftinga. Avgjerd om at slike midlar skal leggast til grunnkapitalen, vert teken av generalforsamlinga. Stiftinga kan ikkje ta imot midlar dersom det er knytt vilkår til disponeringa som ikkje er i samsvar med stiftinga sitt føremål.

 

  • 1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån

Stiftinga kan utferde eigenkapitalbevis og ta opp lån i samsvar med dei rammer som til kvar tid går fram av regelverket for sparebankstiftingar.

2 Stiftinga sine organ

  • 2-1 Organa

Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og valnemnd.

I tillegg kan stiftinga tilsetje ein dagleg leiar.

  • 2-2 Val av generalforsamlinga

Generalforsamlinga skal bestå av 10 medlemer og 5 varamedlemer. Generalforsamlinga si samansetjing skal spegle kundestrukturen i Midt-Telemark kommune, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.

Medlemene og varamedlemene veljast av og blant myndige eller juridiske kundar i Sparebanken DIN som dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet har hatt adresse eller virke i Midt-Telemark kommune og innskot eller lån i Sparebanken DIN over det minstebeløp og av den varigheit som er fastsett i forskrift (Finansforetaksforskriften). Minimum 5 medlemer og 3 varamedlemer må bli valde mellom kundar som har innskot i Sparebanken DIN.

Ingen kunde kan gje meir enn ei stemme.

Valet skal førebuast av valnemnda og organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast i minst ei lokaldekkande avis seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet gjennomførast elektronisk etter styret si nærare avgjerd.

Generalforsamlinga vert vald for 4 år. Varamedlemer veljast og for 4 år. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finne stad.

Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Val av medlemer eller varamedlemer til generalforsamlinga skal skje innanfor den til kvar tid gjeldande lovgjevinga. Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje ha styreverv eller vera tilsette i selskap som konkurrerer med Sparebanken Din. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem eit varamedlem inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkommande ut som varamedlem.

 

  • 2-3 Møta i generalforsamlinga

Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføre ordinær generalforsamling. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:

  1. Val av styremedlemer og styreleiar.
  2. Val av leiar og nestleiar til generalforsamlinga.
  3. Val av medlemer til valnemnda
  4. Fastsetje godtgjersle til medlemer av generalforsamlinga, styret og valnemnda
  5. Val av revisor og fastsetting av revisor si godtgjersle
  6. Føre tilsyn med stiftinga si verksemd
  7. Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding
  8. Vedta gransking
  9. Vedta, etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, inkludert kor stor del av året sitt overskot
    som skal brukast til gåveføremål
  10. Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller avgjerande organ.

I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret handsame og avgjere:

  1. Endring av stiftinga sine vedtekter
  2. Vedta omdanning av stiftinga
  3. Avhending av eigenkapitalbevis i Sparebanken Din som vart tilført stiftinga ved skiping etter § 1-3
  1. Forvalting av stiftinga sine midlar gjennom samtykke til omdanning av Sparebanken Din til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av ein vesentleg del av Sparebanken Din sin verksemd
  2. Oppløysing av stiftinga

Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemer innkalla.

Styret kan avgjere at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal kalle inn til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 3 av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt emne.

Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal kunngjerast seinast 7 dagar før generalforsamlinga om ikkje ein lengre frist følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjevinga.

Eit medlem har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde.

Kvart enkelt medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga.

Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst 2/3 av medlemene er til stades. Ei avgjerd i generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei gitte stemmer om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter.

Avgjerder som nemnd i punkt 11 til 15, krev tilslutnad frå minst 2/3 av alle medlemer av generalforsamlinga. Avgjerd om sal av eigenkapitalbevis som inngår i stiftinga sin grunnkapital eller som tek stiftinga si eigardel ned under 45 prosent av eigardelskapitalen i Sparebanken DIN, krev tilslutnad frå minst 3/4 av alle medlemene i generalforsamlinga. Avgjerd om oppløysing og om endring av vedtektene skal leggast fram for rette styresmakter for godkjenning.

Styreleiar skal møte på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett.

Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert peika ut av generalforsamlinga blant dei som er til stades.

 

  • 2-4 Styret

Stiftinga skal ha eit styre på 4 medlemer og 2 varamedlemer.

Styret skal ha den myndigheit og ansvar som følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene. Styret, eller den styret utpeikar, skal representere stiftinga på eigenkapitalbeviseigarmøte i Sparebanken Din.

Styret i sparebankstiftinga vel to personar frå styret som skal representere og gi stemme for stiftinga på generalforsamlinga i Sparebanken Din i samsvar med de retningsliner som er gitt av styret og generalforsamlinga i sparebankstiftinga.

Styremedlemer, inkludert styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. Attval kan finne stad.

Samansetjinga av styret skal reflektere samansetjinga av dei gruppene som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjeving.

Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med Sparebanken Din eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Din. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlemen inn i vedkomande sin stad. Dersom det er varamedlemen som kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.

 

  • 2-5 Forvaltinga av stiftinga sine midlar

Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærare retningsliner for dette. Styret skal syte for at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.

  • 2-6 Disponering av stiftinga sine midlar

Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskot. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjerd om utdeling til enkelte gåveføremål.

 

  • 2-7 Styret si sakshandsaming

Styret skal handsame saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftleg eller på annan trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal handsamast i møte. Dersom det er tilsett dagleg leiar, skal dagleg leiar møte i styremøta.

Styreleiar skal syte for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevje at styret skal handsame bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist.

Styret kan ta avgjerd når meir enn halvdelen av medlemene deltek i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall deira eventuelle varamedlemer, så vidt mogeleg er gjeve høve til å delta i handsaminga av saka.

Ei avgjerd av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemene som tek del i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for.

Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.

 

  • 2-8 Inhabilitet

Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemen må seiast ha ei vesentleg personleg eller økonomisk særinteresse i saka.

Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i ein privat eller offentleg institusjon, organisasjon eller eit føretak som har økonomisk eller anna vesentleg særinteresse i saka, eller når vedkomande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlege.

 

  • 2-9 Representasjon

Styreleiar eller to av styrets sine medlemer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan gi prokura og spesialfullmakter.

  

  • 2-10 Dagleg leiar

Styret kan tilsetje ein dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåvene som skal utførast av den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar.

Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgje dei retningsliner og pålegg som styret har gjeve. Dagleg leiar skal effektuere dei utdelingar stiftinga gjer, og syte for at det blir allment kjent at midlane stammar frå Sparebankstiftinga Bø. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykje å seie. Dagleg leiar skal syte for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltinga er ordna på ein trygg måte.

Dagleg leiar må ikkje ha styreverv eller vere tilsett i selskap som konkurrerer med Sparebanken Din  eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Din.

  • 2-11 Valnemnda

Generalforsamlinga vel ei valnemnd som består av 3 medlemer og 1 varamedlem, inkludert leiar av valnemnda. Valet gjeld for 2 år om gongen. Attval kan finne stad.

Valnemnda skal førebu val av medlemer og varamedlemer til styret, generalforsamlinga og valnemnda. Valnemnda si innstilling skal grunngjevast.

Valnemnda vel sjølv blant sine medlemmer og representantar til valnemnda for eigenkapitalbeviseigarane. (Dette avsnittet gjeld frå den tid banken får andre eigenkapitaleigarar enn stiftingane i Bø og Seljord)

Valnemnda skal og koma med framlegg til godtgjering for medlemmer av generalforsamlinga, styret og valnemnda.

3 Andre tilhøve

  • 3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot

Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 innanfor dei rammer som følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjeving.

Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.

  • 3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing av stiftinga

Ved oppløysing skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd etter nærare avgjerder tekne av generalforsamlinga.

Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av Sparebanken Din si verksemd under føresetnad av at banken driv verksemd i dei distrikta der Bø Sparebank dreiv verksemd tidlegare.

Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing skal leggast fram for rette styresmakter for godkjenning.

Click here to add your own text