Slik går du fram når du skal søkje
Følgjer du denne rettleiinga er du sikker på at du har gjort alt rett.
Fyll inn alle punkta i søknadsskjema.
Du kan laste opp tilleggsdokument med kostnads- og finansieringsplan saman med det utfylte søknadsskjemaet, dersom du har relevant informasjon utover det du får med på søknadsskjemaet.
Ta kontakt på e-post eller telefon dersom du har problem, så finn vi ei løysing på korleis dette skal gjerast. Dersom informasjonen du har lagt fram er ufullstendig, eller søknaden kjem inn etter fastsette fristar, kan handsaminga av søknaden bli utsett. Så langt som råd vil vi ta kontakt for meir informasjon dersom vi ser dette som naudsynt.
Sparebankstiftinga Bø deler ut gåver til allmennyttige formål i Midt-Telemark kommune.
Søknadsfrist for vår halvår er 1. april for gitt år.
Søknadsfrist for høst halvåret er alltid: 1. oktober for gitt år.
- Ordinær drift, medrekna husleige og lønn eller naturlege sponsorobjekt.
- Støtte til reiser i samband med arrangement og turneringar.
- Stiftinga grunngir ikkje avslåtte søknader.