Ofte stilte spørsmål
Kven kan søkje?
Lag og organisasjoner i Midt-Telemark.
Når får eg svar på søknaden?
Du kan forvente svar 45 dagar etter søknadsfristen.
Kan eg søkje utanom søknadsfristen?
Nei. Søknader skal sendast i samband med søknadsfristar, og søknadsskjemaet på stiftinga si nettside skal nyttast ved innsending av søknader.
Kan eg sende inn vedlegg til søknadsskjemaet?
På søknadsskjemaet er det mogleg å legge ved vedlegg. Stiftinga tek kontakt med gåvesøkjar dersom det trengst meir informasjon enn det som kjem fram i søknadsteksten.
Korleis vet eg at søknaden har kome fram?
Når søknaden er sendt via søknadsskjemaet på nettsida vår, skal du motta ein e-post med stadfesting på at den er motteken. Stadfestinga kjem til den e-posten du skreiv inn på søknadsskjemaet.
Kva gjer eg viss eg ikkje har motteke e-post med stadfesting?
Stadfestinga vert sendt til den e-postadressa du har lagt inn i søknaden. Dersom du ikkje finn ho, sjekk søppelpost. Elles: send ny søknad eller kontakt oss på post@seljordregnskap.no.
Meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar?
Frivillige organisasjonar kan søkje om momskompensasjon. Ordninga vert forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Kan ein søkje stiftinga om midlar fleire gongar?
Ja, same lag/foreining kan søkje om midlar til fleire prosjekt.
Utan PC / ikkje elektronisk søknad?
Ta kontakt via brev eller telefon og be om papirskjema og regneark i papirform.
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt?
Send ein epost til post@seljordregnskap.no så skal vi hjelpe deg vidare.