Scenetekke, speleglede og sterke vennskap

Bø Skulemusikk har satt følelsar i sving hos både musikantar og frivillige i over 50 år. Støtta frå Sparebanken DIN, i kombinasjon med den frå Sparebankstiftinga, kjem godt med når korpset skal fortsette å spele seg inn i bygdehjarta, seier styreleiar Laila Jørgedal.

Bø Skulemusikk er ein av mange lokale foreiningar som mottek støtte frå Sparebanken DIN og Sparebankstiftinga i år. Gåva er eit bidrag på 20 000 kroner til notestativ og anna musikkmateriell. Innkjøpa vil kome mange glade musikantar til gode, fortel Laila Jørgedal i Bø Skulemusikk.

– Pengegåva frå banken viser at lokalmiljøet verdsett frivillig innsats og dugnadsånd. Me sett pris på at det er stor bredde i kven som mottek gåver kvart år, og at alle lag og foreiningar har moglegheit til å søke, seier ho.

Varige vennskap

Bø Skulemusikk har for lengst spelt seg inn i hjarta til både musikantar og frivillige i bygda. For ikkje å snakke om dei som trufast trampar takten kvar gong korpset er i anmarsj. Det er eit fritidstilbod som berører mange, og som legg til rette for vennskap på tvers av alder.

– Gjennom korpset blir barna ofte godt kjend med kvarandre heilt frå dei er små. Samtidig gjer aldersspennet på 9 til 19 år at dei knyttar band på tvers av klassetrinn, fortel Jørgedal.

Samspel, fellesskap og musikkglede er ord ho gjerne brukar for å beskrive korpslivet. Og det er fleire enn dei nærare 90 musikantane som får nyte godt av det.

– Foreldre og naboar treffes på dugnader og konsertar. Korpset er eitt av midtpunkta i bygda når finstasen er på. Det betyr mykje for mange.

Stor speleglede

Den felles musikkgleda skaper ein unik lagånd blant musikantane. Laila Jørgedal meiner Bø Skulemusikk er eit fint tilbod for barn og unge som ikkje har lyst til å drive med idrett. Men sjølvsagt også for dei som vil gjere begge delar. Ho unner alle å oppdage fordelane ved å spele i korps.

– Musikantane blir vant til å stå på ein scene frå ung alder. Nokre er kanskje litt engstelege i byrjinga, men for eit «kick» det gjev når dei gjennomfører med glans! Det er fantastisk å sjå korleis barna veks ved å utfordre seg sjølve, seier Jørgedal.

– Ved å spele i korps lærer barn og unge seg verdien av å samarbeide med andre. Det er ein uvurderleg kunnskap å ha med seg vidare i livet, fortsett ho.

Følelsen av samhald er ein av grunnene til at Sparebanken DIN i Bø fortsett å gje pengegåver til lokale formål år etter år. Me ser det som ein hyllest til alle som engasjerer seg. Til dedikerte frivillige som Laila Jørgedal. Til foreldre som køyrer og hentar og jublar og stiller opp. Til alle som lar seg begeistre av innsatsen. Ja, kort sagt til alle dei som står på. Takk for at dykk bidreg til ein betre kvardag for oss alle.