Ofte stilte spørsmål

Kven kan søkje?

Kun søkjarar frå Bø kan søkje om gåver frå Sparebankstiftinga Bø. Søknaden må kome innanfor prioriterte formål for å kome i med i vurderinga.

 

Når får eg svar på søknaden?

Du kan forvente svar 45 dager etter søknadsfristen.

Kan eg søkje utanom søknadsfristen?

Nei. Søknader skal sendast i samband med søknadsfristar, og søknadsskjemaet på stiftinga si nettside skal nyttast ved innsending av søknader.

 

Kan eg sende inn vedlegg til søknadsskjemaet?

På søknadsskjemaet er det mogleg å legge ved vedlegg. Stiftinga tek kontakt med gåvesøkjar dersom det trengst meir informasjon enn det som kjem fram i søknadsteksten.

Korleis vet eg at søknaden har kome fram?

Når søknaden er sendt via søknadsskjemaet på nettsida vår, skal du motta ein e-post med stadfesting på at den er motteken. Stadfestinga kjem til den e-posten du skreiv inn på søknadsskjemaet.

Kva gjer eg viss eg ikkje har motteke e-post med stadfesting på at søknaden har kome fram?

Stadfestinga vert sendt til den e-postadressa du har lagt inn i søknaden. Dersom du ikkje har motteke denne, kan det være at søknaden din ikkje har blitt sendt, eller at svaret er blitt sortert under søppelpost (spam) i innboksen hjå deg. Dersom du ikkje finn ei stadfesting på motteken søknad, bør du sende en ny søknad eller sende oss ein førespurnad på e-post til post@seljordregnskap.no slik at vi kan sjekke om søknaden er komen inn eller ikkje.

Er det mogleg å få meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar?

Frivillige organisasjonar eller andre som driv med frivillig arbeid og betaler meirverdiavgift, kan søkje om momskompensasjon. Ordninga vart etablert i 2010 og forvaltast av Link til lotteri- og stiftelsestilsynet.

Kan ein søkje stiftinga om midlar fleire gongar?

Ja, same lag/foreining kan søkje om midlar til fleire prosjekt.

Kva gjer eg dersom eg ikkje har tilgang til PC eller kan fylle ut søknadsskjema elektronisk?

Ta kontakt med oss via vanlig brev eller telefon, og be om å få oversendt vanlig søknadsskjema og regneark i papirform.

Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt?

Send  ein epost til post@seljordregnskap.no så skal vi hjelpe deg vidare.