Over 50 år med skiskyttarglede i Bø

Støtta frå Sparebanken DIN, i kombinasjon med den frå Sparebankstiftinga Bø, bidreg til å vedlikehalde ein stolt tradisjon med skiskyting i bygda. Gleda ungdommen viser i løypa og framom blinken er uvurderleg, meiner trenar i Bø Skiskyttarlag, Augon Eika.

Bø Skiskyttarlag er blant idrettslaga som har fått støtte av Sparebanken DIN og Sparebankstiftinga i ei årrekke. Årets gåve er eit bidrag på 200 000 kroner til eit framtidig kunstsnøanlegg på Nordbøåsen. Ei realisering av prosjektet vil bety ein forlenga skisesong til glede for alle i bygda, fortel trenar Augon Eika.

– Bidraga frå Sparebanken DIN har hatt og har kolossal verdi. Som vår hovedsponsor har dei bana veg for at fleire bidragsytarar engasjerer seg. Det er sjølvsagt enklare å realisere større prosjekt med hjelp frå fleire aktørar, seier han.

Lov å ha ein dårleg dag

Eika har engasjert seg i Bø Skiskyttarlag heilt sidan 1960-tallet, og var blant dei fyrste som gjekk skiskyttarrenn i området. Han lar seg framleis begeistre stort av sporten. Spesielt når han ser kva den gjer med meistringsfølelsen til dei unge utøvarane.

– Du kan ha ein dårleg dag på ski, men likevel treffe bra på skytinga. Og omvendt. Det er lett å finne noko positivt å fokusere på. Sporten gjev rom for å ha ein dårleg dag i løypa, utan at du sit igjen med ein nedslåande følelse av den grunn, seier Eika.

Unik læring framom blinken

Samtidig inneber skiskyting at ein må lære seg å ha ein dårleg dag. At ting ikkje går vegen der og då, betyr ikkje at ein er ein dårleg utøvar. Det kan overføras til mange aspekt av livet, meiner trenaren.

– Å lære seg å takle eventuelle nederlag, utan at det kjennes som om verden gjeng til grunne, er ein uvurderleg eigenskap å ha med seg inn i vaksenlivet.

Den engasjerte Eika lar seg stadig imponere av utretteleg innsats frå foreldre og frivillige. Idretten stiller strenge krav til sikkerheit under konkurransar, treningar, oppbevaring og transport av utstyr. Det krev mykje av alle involverte, forklarar han.

– Eg er stolt av det gode miljøet vårt. Av foreldre og frivillige som alltid stiller opp. Me legg til rette for at alle og einkvar skal føle seg betydningsfulle og velkomne i klubben.

Begeistring og meistringsfølelse

På spørsmål om kva som er det aller beste med å vere ein del av Bø Skiskyttarlag, er ikkje den garva trenaren i tvil. Det er fantastisk å sjå ungdommen lykkas. Å sjå gleda i ansikta deira når dei har ein god dag på trening.

– Når ein jamt og trutt har jobba for å oppnå noko, blir meistringsfølelsen og begeistringa enorm når ein fyrst kryssar mållinja, sier Eika.

Ein slik meistringsfølelse er ein av grunnane til at Sparebanken DIN i Bø fortsett å gje pengegåver til lokale formål år etter år. Me ser det som ein hyllest til alle som engasjerer seg. Til ildsjeler som Augon Eika. Til foreldre som køyrer og hentar og heiar og stiller opp. Til alle som lar seg begeistre av innsatsen. Ja, kort sagt til alle dei som står på. Takk for at dykk bidreg til ein betre kvardag for oss alle.